SEVJE

Arrangementsinformasjon

Støl i kroppen, men spretten i musikken, har Gabriel Fliflet reist land og strand rundt i førti år. Som moden mann har han blitt ein produktiv musikkmakar, med melodisk teft. I Sevje syng Gabriel eigne melodiar, med nerve og nærvær. Eigne ord og tekstar av Robert Burns, Per Olav Kaldestad, Kjartan Fløgstad og andre. Gabriel speler på piano eller trekkspel. Utsøkte musikarar er med han på scena: Anders Røine (langeleik, fele, kor), Mathias Eick (trompet), Jørgen Sandvik (gitar, kor) og Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, kor). Konserten markerer frisleppet av CD´en Sevje.

littsymp
oddaoddaodda
odda

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Billettavgift kr. 10,-