REISEBREV FRÅ REVOLUSJONEN

Arrangementsinformasjon
Default file 1506685670

Mímir Kristjánsson og Kjartan Fløgstad om sine reiser i revolusjonens fotspor.

I 40 år har forfattar Kjartan Fløgstad reist i Russland, gjennom underjordiske katedralar, luftslott og revolusjonære ruinar. Frå Sibir til Austersjøen, frå Svartehavet til Kolahalvøya har han sett stadig nye sider av eit forunderleg naboland. No reiser han austover på ny - 100 år etter den store revolusjonen. I boka Trans-Sovjet – ekspress oppsøker Fløgstad restane av Sovjetunionen slik dei ser ut i dag - arkitektur, byplanar og monument, både revolusjonære ruinar og fråflytta luftslott, utopiar og mareritt. Både i dagens Russland og i andre delar av den tidlegare Austblokka spør Fløgstad kva som står att av dette korte hundreåret med sovjetsosialisme. Og ikkje minst: Kva betyr desse minna i dag? I mur og glas og stål og betong og laminat er ein særegen arv framleis med oss, rett over grensa til vårt største naboland mot aust, som minne om draumen om eit anna samfunn. Dette er òg ei personleg reise gjennom fem tiår av historia til vårt store naboland i aust.

Klassekampens nyheitsleiar Mímir Kristjánsson skal i september gjenta Lenin si togreise frå Zürich til St. Petersburg. Togreisa er ein av historiens mest avgjerande enkelthendingar. Uten at Lenin vendte tilbake til Russland i april, ville det neppe blitt nokon oktoberrevolusjon. Turen vart til fordi Tyskland aksepterte at Lenin og bolsjevikene reiste gjennom Tyskland (og vidare til Sverige, over botniske viken til Finland) fordi dei då kunne laga revolusjon i Russland og trekkje russarane ut av krigen. Noko han og gjorde.

Hunder år etter den russiske revolusjon møtest dei to til ein samtale om revolusjonære reisebrev. 

littsymp
odda
oddaoddaodda

Restriksjoner

Kjøpte billettar refunderes ikkje. Billettavgift 10,-