MODERNITET OG REALISME

Arrangementsinformasjon
Default file 1505141817

Heilt sidan modernismen gjorde sitt inntog for hundre år sidan har den blitt anklaga for å setje form over politisk medvit, og samstundes blitt intenst mytologisert. Gertrude Steins salong på 1920-talet står att som sjølve symbolet på den avantgardistiske gullalderen. På den andre sida har delar av realismen vorte skulda for å vere overfolkeleg, å skli over i forenklande slagord, og for å vere ute av kontakt med den stadig meir kaotiske verda vi lever i. Er modernismen ei retning berre eliten kan koste på seg, og kva for plass har realismen i dag? Grethe Fatima Syed og Tomas Espedal møtest til samtale om modernisme, realisme og kva for ein litteratur som er best egna til å skildre vilkåra menneska lever under. Ordstyrar er Elise Winterthun.

littsymp
odda
oddaoddaodda

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderes ikkje. Billettavgift 10,-