Littsymp2017 - Gullrekka

Arrangementsinformasjon
Default file 1499420899

LITTSYMP GULLREKKA TIL EARLY BIRD –PRIS

Tilbod til trufaste gjester!
Billett til eit knippe av dei store forestillingene på Litteratursymposiet i Odda 2017.
Ordinær billettpris for desse fire fabelaktige arrangementa er 1100,-.
Du kan sikre deg desse for kr 900,-

LITTERÆR KRAFTSTASJON
Symposiets høgtidelege opningsforestilling.
Vi opnar haustens vakraste eventyr med Litterær kraftstasjon. Nokre av våre finaste forfattarar og musikar møtes i skjeringspunktet mellom det seremonielle, det humoristiske og det kunstnarisk nyskapande for å feire at vi har Litteratursymposium i Odda. Pengepoet Øyvind Berg held årets kapital-essay.
ONSDAG 11. OKTOBER KL. 19.00 / LINDEHUSET / 250,-


LITTERÆR  HEILAFTEN
Litterær heilaften med årets nye bøker. Forfattarane les sjølve frå årets beste bøker. Annen del vies til bokprat med ein aktuell forfattar.Tusenvis har vore på Litterær heilaften i Lindehuset i Odda opp gjennom åra. I år flytter vi arrangementet til Odda kino.Detaljar om gjester og forfattarar tba.
TORSDAG 12. OKTOBER KL. 20.00 / ODDA KINO / 250,-


HALLO ODDA
Tilbake på Litteratursymposiet: verdas einaste talkshow av og med forfattarar og oddingar. I år med litt færre gjester, men med Marit Eikemo som talkshowvertinne, husband og sidekick. Kveldens gjester: Synnøve Macody Lund, Pedro Carmona Alvarez, Lothepus m.fl.
FREDAG 13. OKTOBER KL. 20.00 / LINDEHUSET, ODDA / 300,-


BIG TIME
Big Money. Big Music. Big Time.
Frode Grytten Beat Band slår på stortromma under årets symposium. Etter å ha valsa over Haugesund, Drammen, Bergen og Arendal kjem bandet heim til Odda for å servere publikum eit eksklusivt utval av dei største og beste songane som er lagd. Denne gongen er bandet forsterka med Tyssedalkoret, som vil spikre opp ein vegg av vibrerande og sjelfull korsong bak vokalistane Pedro Carmona-Alvarez og Annlaug Børsheim. Det vil bli songar om pengar, songar om krig og kjærleik, songar om gud og heimstad, songar om å gå under og songar om å rope til dei som sit på toppen.
LAURDAG 14. OKTOBER KL. 18.30 / LINDEHUSET, ODDA / 300,-

Ordinært billettsal på desse arr. starter torsdag 13. juli.

Restriksjoner

Kjøpte billettar refunderast ikkje. Billettavgift kr. 10,-