LITTERÆR HEILAFTEN

Arrangementsinformasjon
Default file 1499425852

Festkveld med opplesing frå og bokprat om årets beste nye bøker: Lars Ove Seljestad, Erlend O. Nødtvedt les. Mini-bokprat med Jørn Lier Horst og Olaug Nilssen. Programvert: Davy Wathne.


Tusenvis har vore på Litterær heilaften i Lindehuset i Odda opp gjennom åra. I år flytter vi arrangementet til Odda kino.

Lars Ove Seljestad er aktuell med ny roman: «Ta hand om deg». Det er ein liten roman og ein stor tekst om dei viktige tinga. Vi møter ein romanforfattar som strevar med liv og skriving. Som ikkje får det til. I eit fortvila forsøk på å blåsa nytt liv i tekst og tilvære, drar han attende til byen han levde i før han blei forfattar. På vandring i byen som ein gong var hans, blir han nådelaust konfrontert med det forgjengelege. Med tida som har gått frå han. Men han finn også skinande minne om det som gjer det heile verdt. «Ta hand om deg» er ein roman om å skriva og å leva. Om strevet med å skriva. Om gleda og behovet for å skriva. Om korleis skriving og liv flettar seg inn i kvarandre. Det handlar om familie og vener. Om å høyra til. Om å kjenna seg heimlaus og å prøva å skriva seg heim i teksten. Om å vera forfattar. Om å bli far for første gong. Om å finna vener og mista vener. Og om å vera vestlending på austlandet.

Poet Erlend O. Nødtvedt gjev i haust ut sin første roman, «Vestlandet»: eit burlesk og regnvått portrett av menneske, landskap og land i endring. Ein biletkunstnar og ein poet trassar uvêr, ras og stengde tunnelar på ein fuktig odyssé gjennom dramatisk vestlandsnatur. Som leieemotiv har dei Anders Lysne, bondeopprøraren og vegbyggaren frå Lærdal, som vart halshogd i Bergen i 1803. Langs smale og farlege vegar treffer dei på alt frå døde og levande kunstnarar og forfattarar, til spelemenn, separatistar og tobakksbønder.

Krim-forfattar Jørn Lier Horst er aktuell med ei ny bok om politietterforskar William Wisting: Katharina-koden: Det er den tida på året. For 24. gang på rad finn William Wisting fram papira frå då Katharina Haugen forsvann. Saka vart aldri løyst, og kvart år sidan har Wisting oppsøkt Katharinas ektemann, som var utanbys på arbeid og hadde eit solid alibi. Den jamlege kontakten mellom Wisting og Martin Haugen har etter kvart utvikla seg til eit vennskap. Denne gang finn han Haugen sitt hus lukka og låst. På årsdagen for sin kones forsvinning er Martin Haugen sjølv sporlaust vekke. Same dag får Wisting besøk på politihuset av den yngre etterforskeren Adrian Stiller, som arbeidar med eldre og uløste saker i Kripos, såkalla cold cases. Den gamle Katharina-saken har koplingar til ei annan, gamal forsvinningsgåte. Dei to må gjere felles sak, men samarbeidet med den kompliserte Adrian Stiller skal bli ei utfordring for den erfarne Wisting. Dei to etterforskarane må likevel finne eit utgangspunkt dei kan einast  om, og nytta kreftene på å løyse saka. Møt Lier Horst i samtale med Davy Wathne.

Olaug Nilssen har nett gjeve ut romanen «Tung tids tale», ei sterk historie om å vere foreldre til eit autistisk barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng. Dette er inga heltehistorie. Det er ei kjærleikshistorie. Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegdom. For mora byrjar ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp? Møt Olaug Nilssen i samtale med Brit Aksnes.

littsymp
oddaoddaodda
odda

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderes ikkje. Billettavgift kr. 10,-