BIKUBESALONG

Arrangementsinformasjon
Default file 1504893158

Vi har dei siste åra arrangert eksklusive opplesingar i Frode Gryttens bikube, Murboligen i Odda sentrum. Tre bebuarar opnar sjenerøst dørene sine for publikum og let oss arrangere opplesingar i stuene deira.


Birgit Alm les frå "Endelig skal vi le", om Elinor Nor som er åleinemor og student, og som kvar daga kjempar ein bitter kamp. For å få pengane til å strekkje til. For å vere ei god mor for ein unge som veks opp i eit nabolag der allste har Playstation, nye klede og alt anna dei måtte trenge. For å behalde eit fnugg av integritet i møte med husvertar, naboar og NAV, der ho finn seg i eit av fattigdomsspiralen sine mange paradoks: stoltheita ha kjempar så hardt for å oppretthalde, gjer det umogleg å svelge skamma ved å be om hjelp.

Kjell Ola Dahl les frå «Kureren», historisk krim av høy kvalitet. Hendingar under andre verdskrig dannar bakteppe for ei forteljing på to tidsplan; krigsåra og 1967. Avstikkarar til vår eiga tid inkludert. I 1942 er de to venninnene Ester og Åse unge vaksne. Ester, som er jødisk, må rømme til Sverige etter at ein angjevar nær har fått henne i tyskarane sine klør. Åse har barn med ein motstandsmann «på skauen», men ein gamal ven frå heimbygda entrar og scena. Like etter vert Åse funnen drepen. I 1967 bringes aktørene fra den gang sammen igjen. Kjell Ola Dahl gjev lesarane tette bilete av okkupasjonens Oslo, men óg av 60-talet og flyktningmiljøet i Sverige. Krigens moralkodeks står sentralt i ei bok der spenningsoppbygginga er upåklagelig, medan forfattaren sitt språk held seg nøkternt og sakleg.

Frode Grytten les frå Bikubesong i huset der alt starta. Romanen skildrar eitt år her i Murboligen, ein arbeidarbustad i Odda. Her er kjærleik, kidnapping, politikk, løgner, utruskap og Ola Nordmann frå Hardanger. Bikubesong er ein kollektivroman om det mytologiske Odda, varmt og utleverande skildra, men også med eit skarpt innsyn i det norske sosialdemokratiet anno 1999.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderes ikkje. Billettavgift 10,-